Om stillingen
Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester.Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Pleie og omsorg til brukararIvareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjerBidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planarBidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørandeBidra til eit godt arbeidsmiljø
Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkjeFørarkort klasse B for stilling i heimetenestaGode norskkunnskapar munnleg og skriftlegTilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølgingKrav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mndPersonlege eigenskapar vert vektlagt
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerLikar å jobbe med menneskeFleksibel og løysingsorientertTek ansvar og samarbeider godtMøter andre med respekt og varmeKan jobbe sjølvstendig når det trengstMå kunne bidra til eit godt arbeidsmiljøGodt humør og ei positiv framtoningLojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme
Eit godt fagmiljø og god kollegastøtteStort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide påVariert arbeid i møte med mange ulike menneskeGod opplæringMoglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobbLøn etter tariff
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.