Fagarbeider/assistent SFO

Bergen Søknadsfrist 28. november 2026 Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi på Lone skule SFO søkjer ein ny medarbeidar i 48% stilling frå nyttår 2027.

Lone skule ligg landleg til på Haukeland i Arna og det er kort veg til næraste busshaldeplass. 20 minutt med buss frå Lone til Nesttun eller Arna stasjon.

På Lone skule har vi for tida 255 elevar og ca. halvparten av desse går og på SFO. I stillinga som SFO-medarbeidar (fagarbeidar/assistent) vil du ha arbeidstid frå etter skuletid og fram til ettermiddagsvakt er ferdig. Arbeidstida kan variere noko frå dag til dag, alt etter når skulen er ferdig og ettermiddagsvakta er.

Om du skulle være heldig å få stillinga blir du kollega med 10 andre SFO-ansatte her på Lone skule.

Vi oppmoder menn til å søkje på stillinga.

Arbeidsoppgaver

  • Tilpasse og tilrettelegge eit variert leike- og læringsmiljø ut frå barnet sine interesser, alder og forutsetnader
  • Sørge for at all aktivitet bygger opp under vennskap, leik og læring
  • Vere ein trygg, varm og inkluderande vaksen som er aktiv og støttande i barn sine relasjonar og samhandling med andre.
  • Vere kreativ, initiativrik og vere med på å utarbeide planar og årshjul for aktivitetar i SFO
  • Samarbeide med leiing og kollegaer i SFO
  • Samarbeide og kommunisere godt med føresette i SFO
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø på Lone SFO

Kvalifikasjoner

  • Ønske om fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men ikkje eit krav.
  • Anna relevant utdanning kan veie opp for manglande kompetanse som fagarbeidar
  • Gode munnlege og skriftlege norskunnskapar
  • God på relasjonsbygging
  • Gode samarbeidsevner
  • Godkjent politiattest

Personlige egenskaper

  • Du er ein trygg og varm vaksen
  • Du har evne til å skape gode relasjonar med born
  • Du har gode samarbeidsevnar
  • Du er sjølvstendig og kan ta ansvar på eiga hand
  • Du er ikkje redd for nye utfordringar
  • Du er robust og stabil
  • Du er engasjert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ein arbeidsplass som er inkluderande
  • Du får løn etter utdanning og praksiserfaring
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen