Om stillingen
Om stillinga
Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd?
Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 – 10.10.2027.
I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge.
Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget?
Arbeidsoppgåver
- Skape gode dagar for barna gjennom omsorg, leik og læring.
- Vere ein aktiv og engasjert deltakar i barnehagekvardagen.
- Støtte barn si utvikling og meistring.
- Byggje trygge relasjonar med barn, føresette og kollegaer.
- Bidra til pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen.
- Samarbeide i eit fagleg og inkluderande arbeidsfellesskap.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Andre fagbrev kan vere verdifullt. Personar utan formell kompetanse kan og bli vurderte.
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel.
- Førarkort klasse B
- Du kan kommunisere godt munnleg på norsk.
Politiattest må leggast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert, samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag.
Personleg eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode
- Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga.
- Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus.
- Ein liten barnehage med store muligheter.
- Moglegheit til å vere med på utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst.
- Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse."
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
