Miljøarbeidar

Vestland Søknadsfrist 30. november 2026 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Skulen har ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar.For å hjelpe oss med å utvikle og vidareføre eit trygt og godt miljø for elevane våre, søkjer vi ein miljøarbeidar som kan støtte elevane i skulekvardagen. Stillinga følgjer skuleåret, noko som inneber 89 % løn i 100 % stilling.Askøy vidaregående skule har omlag 780 elevar og 125 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med god offentleg kommunikasjon til alle delar av Askøy og Bergen.Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper. Vi har som mål at alle elevar på skulen vår skal ha ein trygg og god skulekvardag, med rom for læring og deltaking i fellesskapet.

Hovudoppgåva i stillinga er å vere ein tydeleg vaksen i skule- og elevmiljøet, byggje gode relasjonar med elevane og støtte dei i praktiske spørsmål og utfordringar i kvardagen.Å motivere elevane til aktiv deltaking i eiga opplæring og til å engasjere seg i elevmiljøet er ei sentral oppgåve.Miljøarbeidaren vil vere involvert i gjennomføring av ulike aktivitetar ved skulen og vere ein ressurs i oppgåver knytte til skulemiljøet.Miljøarbeidaren er ein del av elevtenesta og samarbeider tett med miljøkoordinator og andre fagpersonar i det daglege arbeidet.

Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdomKrav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarendeRelevant kurs- og kompetanseheving innan ungdomsarbeid, relasjonsbygging, psykososialt arbeid, konflikthandtering eller liknande er ein fordelDu bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskDet er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule

Søkjar må ha gode samarbeidsevner, med evne og vilje til å ta ei aktiv rolle i laget rundt elevenDu må vere fleksibel og positiv i møte med mange ulike oppgåver i løpet av ein dagSom miljøarbeidar er det eit krav at du har eit positivt elevsyn, med tru på den enkelte ungdomDu må vera venleg, tydeleg og strukturert, og engasjere deg i arbeidet for eit godt skulemiljøDu er initiativrik og tek ansvar for å sjå og følgje opp behov i skulekvardagenDu arbeider sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andreDu har god rolleforståing og evne til å utøve rolla som miljøarbeidar på ein profesjonell og tillitsskapande måtePersonlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på ved tilsetjing.

Eit mangfaldig elevmiljø og eit aktivt skulemiljøEit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der elevane står i sentrumLøns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk i Vestland fylkeskommune

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen