Rådgjevar

Vanylven Søknadsfrist 30. november 2026 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Vanylven kommune lyser ut eit eittårig vikariat som rådgjevar i 100 % stilling. Rådgjevaren skal hjelpe kommunedirektøren med å utarbeide og følgje opp politiske saker, og arbeide med plan- og prosjektoppgåver.

Er du rett kandidat for oss, kan vi tilby ein framoverlent arbeidsplass med kjekke kollegaer og godt arbeidsmiljø. Du vil sitje tett på kommuneleiinga og vere med der avgjerdene blir tekne.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandle og følgje opp politiske saker
  • Planarbeid og plankoordineringarbeid
  • Utlysing og oppfølging av prosjekt
  • Andre arbeidsoppåver kan verte tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet innanfor planlegging, samfunnsfag eller juss
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

Det er ein fordel med:

  • Erfaring med sakshandsaming frå offentleg verksemd
  • Kjennskap til kommunelova, plan- og bygningslova og forvaltningslova

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Løysingsorientert og god til å samarbeide
  • Gode kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver tett på kommuneleiinga
  • Personleg utvikling og fagleg rettleiing
  • Nedbetaling av studielån (dersom du blir folkeregistrert i Vanylven eller ein kommune med slik ordning)
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn og vilkår etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen