Avdelingsleiar yrkesfag, Voss vgs

Søknadsfrist 26. oktober 2026 Avdelingsledelse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring? Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr.

Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv. Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.

Arbeidsoppgåver Avdelingsleiar har personalansvar og økonomi- og budsjettansvar for avdelinga sørgjer for god fagleg-pedagogisk utvikling og god kvalitet på undervisninga på avdelinga ivaretar samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar utviklar avdelinga i samsvar med mål og visjon for skulen deltar i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa Kvalifikasjonar Du har undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skule god kjennskap til vidaregåande opplæring og…

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen