Bibliotekmedarbeidar

Ulstein Søknadsfrist 1. desember 2026 Deltid · Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Ved Ulstein bibliotek er det ledig ei 50% fast stilling som bibliotekmedarbeidar frå 01.01.27.

Ulstein bibliotek held til i Ulstein arena i lag med kommunen sitt nærtenestesenter, og er organisatorisk plassert under kulturavdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Fokus på barne- og ungdomslitteratur
  • Formidling knytt til elevar i barnehage og skule
  • Gjennomføring av arrangement
  • Bidra til å vidareutvikle biblioteket
  • Innbyggjar-rettleiing
  • Service og vertskapsrolle
  • Delta i dagleg drift og andre oppgåver knytt til bibliotek og nærtenestesenter

Kvalifikasjonar

  • God innsikt i barne og ungdomslitteratur
  • Erfaring frå bibliotekarbeid
  • Erfaring frå arbeid med publikum
  • Erfaring frå formidling og/eller gjennomføring av arrangement
  • God digital og teknisk kompetanse
  • Bibliotekfagleg utdanning er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer godt/flink med folk
  • Er initiativrik og kreativ
  • Likar varierte arbeidsoppgåver og kan arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • God offentleg pensjonsordning
  • Gode forsikringsordningar
  • Eit godt fagleg miljø med høve til påverknad, utvikling og samarbeid

Ber om at referansar vert lagt inn og attestar/vitnemål lasta opp saman med søknaden.

Kontaktinformasjon

Britt Opsahl Myrene, Biblioteksjef, 94399498

Leif Per Ringstad, Kultursjef, +47 47301332

Arbeidsstad

Vikemyra 2

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Referansenr.: 5209459969

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen