Ferievikar Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt – sjukeheimar, heimeteneste, dagsenter og kjøkken

Ålesund Søknadsfrist 30. mars 2027 Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Har du lyst å arbeide med noko meiningsfylt i sommar? Vi har behov for flinke ferievikarar.

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt er ein del av Ålesund kommune. Vi har ansvar for tenester i heimetenesta og to sjukeheimar hhv. Skodje og Ørskog, i tillegg til fleire underavdelinger.

Distriktet består av følgande:

  • Skodje heimeteneste: heimebuande i distriktet Skodje. Inkluderer omsorgsbustader og heimehjelp/vask av bustader. Praktisk og personlig bistand (PPB) til èin spesifikk brukar
  • Ørskog heimeteneste: heimebuande i distriktet Ørskog. Inkluderer omsorgsbustader og heimehjelp/vask av bustader
  • Dagsenter for Skodje og Ørskog – lokalisert under Ørskog heimeteneste sin base, ved Steinholt Busenter.
  • Skodje omsorgssenter: 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar.
  • Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar.
  • Skodje og Ørskog kjøkken – èit kjøkken ved Skodje omsorgssenter og èit kjøkken ved Ørskog omsorgssenter

Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så gir vi deg god opplæring! Både teoretisk og praktisk opplæring.

Det er viktig at du presiserer kvar du kan tenke deg å arbeide i søknadsteksten, samt når du ev. ikkje har anledning å arbeide/ønsker fri.

Det forventast for øvrig at søkjarar kan arbeide store deler av sommaren, spesielt i vekene 29-32.

Arbeidsoppgåver

Etter opplæring og god veiledning skal du kunne utføre:

  • Oppfølging av pasienter i personlig pleie, måltid, trening og aktivisering
  • Aktiv deltakelse i det tverrfaglige samarbeidet
  • Daglige rutineoppgaver i avdeling på sjukeheim eller i omsorgsbustader/private heimar
  • Reingjering av bustader ved arbeid som heimehjelp
  • Oppfølging og aktivisering i hht plan ved arbeid ved Dagsenter for demente
  • Ved arbeid på kjøkken; tilberedelse av måltider til pasientar

Kvalifikasjonar

  • Påbegynt eller fullført utdanning innen sykepleie, helsefag, vernepleie, fysioterapi eller ergoterapi vil bli prioritert, men ufaglærte kan også søke.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala – CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Du må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
  • Førarkort ved arbeid i heimeteneste og dagsenter

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på bebuaren/pasienten
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Studentar med relevant helse- og sosialfaglig utdanning som har avslutta 4.semester kan bli tilsett som assistent med løn som fagarbeidar.
  • Ferdig utdannede sykepleiere og vernepleiere kan få en bonus på kr 13 000,-. Kriteriene er at en etter avtale med leder må arbeide til sammen 6 uker sommervikar i 100 % stilling i perioden uke 25 – 32 i 2027. Opplæringsvakter kommer i tillegg. Gjelder sykepleier- og vernepleierstillinger i aktiv pleie innen kommunalområdet Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordningen gjelder for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen blir avkortet eller faller bort ved sykefravær eller annet fravær. De som ønsker en slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen