Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Ålesund Søknadsfrist 8. desember 2026 Deltid · Fast Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Lyst å bli en del av team på helg? Vi har no ledig fast 20% stilling frå snarast!

DPS Vegsund er ein psykiatrisk institusjon med 17 døgnplassar. Vi har innlagde pasientar med ulike psykiske lidingar, og ønskjer no å tilsetje en kollega som kan arbeide saman med oss i helgane. Stillinga er p.t på helg med seinvakt fredag, mellomvakt laurdag og søndag, med arbeid kvar 3. helg.

Hos oss får du ein triveleg og spennande arbeidsplass, der vi har fokus på å gi god behandling og omsorg til pasientane våre. Du vil bli ein del av eit team som jobbar tett saman i helgane, med vekt på miljøterapeutiske aktivitetar og godt samarbeid. Om du kan tenkje deg å bli ein del av vårt engasjerte team, oppmodar vi deg til å søkje på stilling hos oss. Det kan også vere moglegheit for å ta ekstravakter ved seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Medikamenthåndtering
  • Pasient oppfølging/samtalar
  • Henting av mat på sjukehuset
  • Reinhald i avdelinga
  • Sosiale aktivitetar samen med pasientane
  • Matservering

Kvalifikasjonar

  • Vi søker offentlig godkjent sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar
  • Erfaring med psykiatri er ønskeleg
  • Førarkort for bil
  • Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og løysnings orientert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har god arbeidskapasitet, godt humør og bidreg til positivt arbeidsmiljø
  • Du er Initiativrik, kreativ og positiv

Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, [email protected]

Arbeidsstad

Vegsundvegen 68

6020 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5207791276

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 08.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen