Helgestilling/Tilkallingsvikar i TTF

Fyresdal Søknadsfrist 31. desember 2026 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

TTF søkjer fleire dyktige medarbeidarar. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode! TTF er eit bufellesskap som gir tenester til personar med ulike funksjonsvariasjoner og bistandsbehov. Tenesta omfattar både fastbuande personar og avlasting. Målet vårt er å leggje til rette for ein trygg og meiningsfull kvardag, med fokus på meistring, sjølvstende, aktivitet og deltaking.

Vi treng helgestillingar og fleire tilkallingsvikarar som kan stille opp ved fråvær både på kort og lengre sikt. Jobben består av oppfylging av ulike brukarar gjennom dagen. Skape gode kvardagar for menneske som treng bistand og rettleiing for å kjenne på meistring og meining. Miljøarbeid er difor sentralt i arbeidet.

Søknadar vil bli behandla fortløpande. Ta gjerne kontakt ved spørsmål.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
  • Målretta miljøarbeid
  • Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
  • Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande
  • Dokumentasjon i Profil
  • Diverse praktiske oppgaver i boligen

Kvalifikasjonar

  • Vi søker fortrinnsvis personar som har erfaring frå å jobbe med menneske.
  • Vernepleiar/sjukepleiar oppmodast til å søke
  • Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
  • Ha forståing og respekt for at du arbeider i andre sitt heim
  • Gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg.

Førarkort klasse B vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere tolmodig og kunne stå i ulike situasjonar med brukarar.
  • Lærevillig og kunne sete seg inn i nye ting og nye arbeidsmåtar opp mot den enkelte brukar.
  • Har god evne til å jobbe sjølvstendig
  • Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
  • Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon

Vi tilbyr

  • Ein fagleg utfordrande og lærerik arbeidskvardag
  • Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • Grundig opplæring vil bli gjeven
  • Løn etter gjeldande tariffavtall

Tilsetjingsvilkår

  • Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Seks månadar prøvetid
  • Krav om politiattest før tiltreding
  • Teieplikt etter gjeldande regelverk
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen