Tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven

Møre og Romsdal Søknadsfrist 20. november 2026 Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre?Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?Vi har ledig, fast 100% stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven.Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com

Kliniske oppgåver Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper. Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper. Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern. Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt.

Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk. Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik.

Vi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er serviceinnstilt og løysingsorientert tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Ei spennande og variert stilling. Lønn etter tariffavtaleFagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk. Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.Introduksjonsprogram.Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) AnnaVi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen