Tannlege

Ullensvang Søknadsfrist 29. november 2026 Heltid · Vikariat Tannhelse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Søkjer etter Tannlege ved Odda tannklinikk.

Stillinga er eit vikariat i 100%. Ledig frå 21.9.26 og med varighet til 2.7.27(Truleg med moglegheit for forlenging) Litt ambulering til Lofthus tannklinikk må påreknast.

Tannklinkken var ny i 2025 og ligg midt i Odda sentrum med parkeringsplass og lademoglegheit. Den ligg i kort gangavstand frå busstopp.

Er ein klinikk for 3 tannleger, 2 tannpleiere og 3 sekretærer.

Odda ligger i den sørligste enden av Sørfjorden, en gren av Hardangerfjorden, og er knutepunktet for fjord- og fjelleventyr i området. Byen og nabobygda Tyssedal er ideelle utgangspunkt for opplevelser som Trolltunga, Folgefonna, fossefall, fjordcruise og vandreturer i spektakulær natur. Odda er en by og administrasjonssenter i Ullensvang kommune i Vestland fylke i Norge har 4 750 innbyggere per 1. januar 2025.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.

Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.

Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.

Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
  • Gode offentlege pensjons – og forsikringsordningar
  • Kontaktinformasjon
  • Linda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176
  • Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
  • Arbeidsstad
  • Smelteverket 64
  • 5750 Odda
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Referansenr.: 5152767789
  • Stillingsprosent: 100%
  • Vikar
  • Startdato: 21.09.2026
  • Søknadsfrist: 29.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen