Om stillingen
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Nordhordland klinikkområde har ledig ei fast stilling som tannlege i 100% stilling frå 1. februar 2027.
Tenestestad for tida på Lindås tannklinikk. Oppstart 01.02.2027 eller etter avtale.
Lindås tannklinikk ligg i Lindås Nærsenter. Har 5 behandlingsrom, 7 tilsette i heil og deltid. 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 1 tannpleier. God bussforbindelse frå Knarvik/ Bergen.
Ved internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat i 100% fram til 30.06.27 på samme klinikk.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
- Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
- Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
- Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
- Gode offentlege pensjons – og forsikringsordningar
- Kontaktinformasjon
- Harald Isdal Kvamme, klinikkleiar (tannlege), 91750454, [email protected]
- Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936, [email protected]
- Arbeidsstad
- Kolåsvegen 5
- 5955 Lindås
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Referansenr.: 5204979171
- Stillingsprosent: 100%
- Fast
- Søknadsfrist: 18.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.