Om stillingen
Om stillinga
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Indre Sunnmøre?
Vi søkjer ein engasjert tannpleiar til ei fast 100 % stilling i Ålesund kompetanseregion. Du vil få ein variert arbeidskvardag fordelt mellom distriktstannklinikken Stranda (60 %) og distriktstannklinikken Valldal (40 %)
Mellom fjord og fjell ligg Stranda og Valldal, omgitt av nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet. Her kan du nyte eit variert friluftsliv året rundt, frå toppturar og skikøyring til sykling, båtliv og rafting. Regionen er kjend for levande lokalsamfunn, eit aktivt kultur- og foreiningsliv og gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar som ønskjer ein aktiv og innhaldsrik kvardag. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell: Visit Stranda: www.visitstranda.com eller Valldal Adventure Valley: www.valldal.no
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannpleiar.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- trivst med å jobbe med og for menneske
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter tariffavtale
- Etableringstilskot og flyttetilskot
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
![Møre og Romsdal fylkeskommune, Romsdal vgs [romsdal]](https://jobbcollect.seoweb.no/public/uploads/job-assets/county_ats_verified/logo/5209064730-b5b8d20ce59b.png)
