Om stillingen
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for assistentar, fagarbeidarar og miljørettleiarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027.Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med elevar på alle trinn i grunnskulen og på SFO.Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor.Aktuelle skular:Dalane skule: 41 86 43 20Hovden skule: 91 42 84 76 Sæbø skule: 47 66 83 79 Vartdal skule: 99 28 69 99 Velle skule: 46 92 65 82Vikemarka skule: 700 47 700 Ørsta opplæringssenter: 700 45 300Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.Om offentlege søkjarlisteI samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentlegsøkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vereunnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdertkonkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles viloppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersomkommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod omå trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.