Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO

Sula Søknadsfrist 31. juli 2027 Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Solevåg skule er ein mellomstor barneskule i Sula kommune med i overkant av 200 elevar fordelte på 12 klasser frå 1. til 7. trinn. Skulen ligg flott plassert på Solavågseidet med tilgang til eit mangfaldig nærområde godt tilrettelagt for friluftsaktivitetar. Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt vektøy. Skulen har 21 pedagogar, åtte assistentar, dagleg leiar SFO, helsesjukepleiar, inspektør og rektor.

Solevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar.

Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev. Gyldig politiattest må leggast fram.

Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga. Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty. God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Skulen nyttar nynorsk som målform.

Løn etter gjeldande tariffavtalar.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen