Om stillingen
Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar.
Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling knytt til undersøking og oppfølging etter barnevernslova
- Samtalar med barn, unge og foreldre
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Kartlegging, vurdering og oppfølging av hjelpetiltak
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i tenesta
Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- Brenn for å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar
- Har bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
- Er student på siste studieår og klar for å ta med deg fagleg engasjement inn i arbeidslivet
- Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar
- Har erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, eller eit sterkt engasjement for feltet
- God norskkunnskaper munnleg og skriftleg
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
For å trivast hos oss trur vi at du:
- Har engasjement for barn, unge og familiar
- Skaper tillit og gode relasjonar
- Er nysgjerrig, reflektert og fagleg interessert
- Tek ansvar og viser initiativ
- Handterer ein variert arbeidskvardag med både fleksibilitet og struktur
- Ser verdien av samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenesta våre
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling med moglegheit til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og hjelpsame kollegaer
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å påverke og bidra i vidareutviklinga av tenesta
- Rettleiing, samarbeid og erfaringsdeling i det daglege arbeidet
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Kontaktinformasjon
- Jette Frafjord Østrått, Leder for klepp tverrfaglige team, +47 90523005
- Arbeidsstad
- Olav Hålands Veg 2
- 4351 Kleppe
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Klepp kommune
- Referansenr.: 5199495697
- Stillingsprosent: 100%
- Vikar
- Søknadsfrist: 09.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.