Ål kommune
Som tilsett i Sundre barnehage er vi tilsette som støttar og er saman med barna i leik og aktivitet gjennom dagen. Slik skal vi bidra til at barna trivs og utviklar seg og at vi i vår kvardag arbeidar i tråd med overordna føringar for arbeidsmiljø og barnehage. Vi ser kvarandre som like verdifulle og møter kvarandre med varme, interesse og respekt. I møte med kvarandre, barn og føresette arbeidar vi med hovud, hjarte og hender. Det vil seie at vi har fagleg kunnskap, omsorg og tydelegheit, samt vilje og evne til å sette desse ut i praksis. Vi har evne og vilje til fornying i ein positiv undringskultur, der vi skapar samanheng mellom nye og eksisterande moment.
Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap. Ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som:
Vi tilbyr
Søknad og politiattest
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 18.06.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Sundre barnehage
Kontaktpersonar:
Eli Hundven Smedsplass
mob: 94028297
Marie Bjørke
mob: 47635450
Heimeside:
Adresse:
Gartnarvegen 1 3570 Ål
Ål kommune Sundre barnehage
Sundre barnehage er ein stor barnehage med et spennande fagmiljø som satsar på pedagogisk læring gjennom leik og trivsel. Sundre barnehage heldt til på Prestegardsjordet i Ål sentrum og har seks avdelingar. Me har eit stort, variert uteområde og eigen leirplass rett utanfor gjerdet. Barnehagens næraste nabo er Ål skulepark og turområdet Elvelangs. Me har gangavstand til Sundre sentrum med Ål kulturhus med bibliotek og Ål Idrettspark på Bråta.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Ål kommune
Ål
June 18 ,2025