Vågå sokn
Om jobben
Stillingstittel: Kyrkjetenar/Kyrkjegardsarbeidar i 100% fast stilling
Oppstart: Etter avtale
Type ansettelse: Fast, heltid 100%
Arbeidstid: Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. juni
Send søknad til: [email protected]
Du vil ha ei viktig rolle i staben vår, med ei anslått fordeling på omlag 30% kyrkje og 70% kyrkjegard, avhengig av behov og årstider.
Du må like å møte folk i ulike livssituasjonar og samanhengar, og ha evne til å hjelpe og veilede dei besøkjande. Dei som kjem til kyrkja eller kyrkjegarden vår skal oppleve at dei er velkomne, at ein møter dei som kjem med forståelse for det dei står i, anten dei kjem i sorg, undring eller glede.
Du skal ivareta ansvaret for kyrkjerom, inventar og utstyr, samt sørge for at leigetakarar for arrangement overheld retningsliner for bruk av kyrkja. God orden i kyrkja og på kyrkjegarden er viktig.
Sørge for at kyrkja og kyrkjegarden til ei kvar tid er presentabel.
Hovudansvar for praktisk tilrettelegging i forbindelse med kyrkjelege handlingar og anna aktivitet i kyrkja og på kyrkjegarden.
Du blir kyrkjetenar i alle kyrkjelege handlingar som gravferd, vigsel og gudstenester.
Rapportering.
Ansvar for at brann- og HMS-rutinar blir fulgt. Gjennomføre fastlagte tilsyn og internkontrollar.
Vera del av staben i kyrkja, ved blant anna å delta i møter.
Du må pårekne arbeid dag, kveld og helg.
I Vågå så er det gudsteneste tre sundagar i månaden og ei frihelg. Enkelte laurdagar i løpet av året, fortrinnsvis om sommaren, er det vigsel. Det er og enkelte konsertar (kveld/ helg). Arbeid på sundagar og heilagdagar blir kompensert med fridag på vekedagar.
Viktig med gode samarbeidsevner, forståelse for kyrkjas verdiar, vera fleksibel, og ha evne til å kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
Erfaring med, interesse for praktisk arbeid, enkle vedlikehalds- og reparasjonsarbeid.
Førarkort klasse BE.
Erfaring med minigraver og traktor, samt maskinførarbevis er ein fordel.
Relevant arbeidserfaring og personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt.
Ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i Hovedorganisasjonen KA.
Pensjonsordning i KLP med 2 % pensjonstrekk.
Før tilsetting skal det leggast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29)
Nærare opplysningar kan rettast til leiar i Vågå kyrkjelege råd/Vågå sokneråd, Erik Lillebråten, på mobil 909 71 257.
Søknad med attester og vitnemål skal sendast til: Vågå kyrkjelege råd, postboks 78, 2684 VÅGÅ – E-post: [email protected]
Søknadsfrist: 17. juni 2025
Erik Lillebråten
Leiar, Vågå kyrkjelege råd
909 71 257
Om bedriften
Vågå kommune har vel 3600 innbyggarar der 88 % er medlemmar i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Vågåkyrkja, samt eit privateigd kapell. Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar birpedømme. Opprinneleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje frå perioden 1150-1200, men endra behov for bygdas befolkning førte til at kyrkja vart fullstendig ombygd omkring 1625–1627. Byggmester var den kjende kyrkje- og tårnbyggaren Werner Olsen Skurdal frå Nes på Hedmarken. Dagens kyrkje vart gjenoppbygd av materialar frå fleire nedrevne stavkyrkjer frå Vågå. Vågåkyrkja har plass til 250 personar.
Sektor: Privat
Nettsted: https://www.vagakyrkja.com
Facebook: https://www.facebook.com/vagakyrkja/
Del stillingen
Vågå sokn
Vågå
June 17 ,2025