Kriminalomsorgen
Om stillinga
Agder fengsel, Evje ungdomseining skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med slutten av 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga vil kunne tilby tre ulike soner med både høg og låg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn – høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn – høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje.
Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar.
På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering). Både fengselsutdanna og anna turnuspersonell inngår i vaktlag, med krav til godkjent FM-modular og jamnleg trening.
Evje ungdomseining vil etter kvart få mange tilsette, og jobbar derfor med å legge til rette for fleksible turnusordningar, i tillegg til at me kan tilby rimeleg pendlarbustad, gratis parkering og mulegheiter for el-lading.
Me har i dag rundt 30 personar i turnus og har i denne runden behov for å tilsette ytterlegare 10-12 fengselsbetjentar. Alle stillingane er faste og i 100% stilling.
Fengselsutdanna personell blir tilsett i kode 0264 fengselsbetjent, og vil få mulegheita til å jobbe på alle dei tre ulike sonene våre (A, B og C) som vil ha ulike sikkerheitsnivå for barn og unge.
Søknadsfrist er 23.01.26
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Stillingskode 0264
Du må ha
Det er ønskjeleg at du har
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Søknad og CV blir send elektronisk via linken «søk stillinga» på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Ved manglande dokumentasjon, kan søknaden utebli frå vurdering. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjend, eller tilsvarande.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om kriminalomsorga
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Søknadsfrist: 23. januar 2026
Arbeidsgivar: Kriminalomsorga
Kommune: Evje og Hornnes
Omfang: Heiltid (10 stillingar)
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Sanitetsstien 7, 4735 Evje
Del stillingen
Kriminalomsorgen
Evje
January 23 ,2026