Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune Undarheim skule – Brenn du for å gjere ein skilnad for barn og unge? Då kan Undarheim skule vere rett plass for deg!
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Det vil ligge om lag 50% undervisning knytt til stillinga, stillingstørrelsen er 100%. Du blir ein del av ei samkøyrd leiargruppe saman med rektor og to avdelingsleiarar.
Om skulen
Undarheim skule er ein barneskule med om lag 200 elevar og eit mangfaldig elevmiljø som speglar over 15 nasjonalitetar. Me har ein inkluderande skulekultur med ope samarbeid og delingsvilje, og vi legg stor vekt på elevaktivitet og fellesskap.
Skulen har om lag 40 tilsette, med aldersfordeling, og personalet består av begge kjønn. Her er arbeidsmiljøet prega av trivsel, fagleg fellesskap og godt samarbeid. Saman har me alle ansvar for å skape eit godt læringsmiljø for elevane, og arbeidsmiljø for dei tilsette.
Frå skuleåret 2025/2026 flyttar me inn i eit nytt og framtidsretta skulebygg – utforma i samarbeid med dei tilsette. Bygget får mellom anna lydstudio, skaparverkstad, amfi, fleksible romløysingar og gode arbeidsrom for dei tilsette. Skulen får òg eit flott uteområde og ligg i nærleiken av Kvinnherad Arena – ein ny fleirbrukshall med melom anna klatrevegg og basishall med nedsenka trampolinar.
Som avdelingsleiar
Me søker ein avdelingsleiar med
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Stillingstype: 100% fast
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 05.06.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Husnes
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 05.06.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Husnes
Kontaktpersonar:
Adresse:
Røsslandsvegen 5 5460 Husnes
Kvinnherad kommune Undarheim skule
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Del stillingen
Kvinnherad kommune
Husnes
June 05 ,2025