Kvinnherad kommune
Omtale av stillinga
Er du vår nye kollega?
Kvinnherad kommune har ledige 100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist frå 1. april 2025, eller etter nærare avtale. Psykologteamet består av 3 psykolog/psykologspesialist, det er tilsett 2 psykologspesialistar i psykologteamet, som byrjar i april 2025.
Kvinnherad kommune ynskjer å etablere eit tverrfagleg psykologteam som arbeider med barn, unge og vaksne. Teamet skal samarbeide tett med kommunens rus-og psykiske helsetenester og Eining Barn og familie. Teamet skal ha ansvar for etablering og framdrift for utvikling av psykologtenesta i kommunen.
Psykologen skal gjennom psykologfagleg arbeid bidra i utforming og implementering av tiltak på ulike nivå innan psykisk helse for barn, unge og vaksne. Helsefremjande og førebyggjande arbeid og tidleg innsats er hovudoppgåvene.
Psykologen skal medverke til å styrke det kommunale arbeidet for å fremje god psykisk helse. Det vil vere oppgåver knytt til rettleiing internt i einingane og til skular og barnehagar. Stillingane er og del av lågterskeltilbod til barn, unge og deira familiar og vil ha samarbeid med avdeling for familiestøtte. Psykologen kan og få oppgåver knytt til det overordna planarbeid for kommunen si tenesteutvikling på målområdet psykisk helse/ oppvekst.
Det er rom for å utforme stillingsinnhaldet i samarbeid med dei som vert tilsett.
Arbeidsoppgåver i psykologteamet
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter psykolog/ psykologspesialist.
Det vil bli lagt særleg vekt på;
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Vi tilbyr
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 09.02.2025
Tiltreding: 01.04.2025
Arbeidsstad: Husnes tenestesenter
Kontaktpersonar:
Linn Stene Hellås
mob: +47 95960651
Randi Pedersen
mob: +47 45288088
Heimeside:
Adresse:
Sentrumsvegen 29 5460 Husnes
Kvinnherad kommune Barn og familie
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Del stillingen
Kvinnherad kommune
Husnes
February 09 ,2025