Ålesund kyrkjelege fellesråd
Kantor/Kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50 %
Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd og lysanlegg, og kontor for tilsette. Orgelet er bygget av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i arbeid retta mot barn og unge. Samarbeid med lokale musikkutøvarar for deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement er viktig.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
Søknadsfrist: 11.05.2025
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4958590352
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Anna
Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge
Kontaktinformasjon
Hans Roar Aas
Avdelingsleiar kyrkjelyd
Telefon:943 23 279
Kristin Smehus
Dagleg leiar
Telefon:936 79 421
Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Ålesund
May 11 ,2025