Ål kommune
Frå 1. august -25 er det ledig 100% fast stilling, pt ved Nedre-Ål skule. Denne stillinga omfattar ca 60% funksjon som koordinator individuelt tilrettelagt undervisning, og ca 40% som lærar.
Nedre-Ål skule har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg. Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Skulen har to-lærarsystem og miljørettleiarar.
Oppgåver er m.a.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Politiattest og søknad
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 03.03.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Nedre-Ål skule
Kontaktpersonar:
Ellen Ellingsgard
tlf: 320854016
mob: 95898650
Heimeside:
Adresse:
Sundrevegen 43-45 3570 ÅL
Ål kommune Nedre-Ål skule
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Ål kommune
Ål
March 03 ,2025