Samnanger kommune
Samnanger barnevernteneste er ein av dei minste i regionen – men me har store visjonar og treng deg med på laget! Trur du Samanger er langt vekk og er på nippet til å ikkje lese vidare? Les litt til og kjenn om dette er jobben for deg!
I Samnanger barnevernteneste arbeidar me saman som eit team. Me har stort fokus på kvalitet i alle beslutningar me tek. Brukarmedverknad og samhandling på tvers av einingar er høgt prioritert. Me er ein del av «laget kring barnet».
Me har ledig ein 100 % fast stilling og det er moglegheit for eit vikariat i 50 – 100 % i tillegg.
Arbeidsoppgåver
Som barnevernkonsulent og familierettleiar har du ansvar for å undersøke at barn og unge har det godt der dei bur, og bidra til at familiar får den hjelpa dei treng. Dette kan mellom anna innebere:
Kvalifikasjonar
Krav
Ønskjer
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Samnanger kommune
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, og flyktningetenesta er knytta til sektoren.
Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenestetr tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Barneverntenesta består av tre årsverk og har eigen einingsleiar. Me er lokalisert saman med andre tenester i eining for livsmestring og har kontoret på kommunehuset i Tysse. Vi har stort fokus på fagleg kvalitet og samhandling med dei andre tenestene i kommunen.
Spørsmål om stillinga
Laila Grønn-Jensen
Barnevernleiar
95885771
[email protected]
Søknadsfrist: 12. juni 2024
Arbeidsgivar: Samnanger kommune
Kommune: Samnanger
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Del stillingen
Samnanger kommune
Tysse
June 12 ,2024