Vestland fylkeskommune
Fagskulen Vestland, avd. Voss treng lærar i anleggsfag. Anleggsutdanninga på Voss er ei god og populær utdanning, med eit triveleg arbeidsmiljø. Studiet er nettbasert med samlingar. Det er 3 klassar som har 6 samlinga kvart skuleår. Fagskulen er lokalisert saman med Voss vgs i Skulestadmoen på Voss.
Vi treng lærar i 100 % frå neste skuleår, men har ledig noko dette skuleåret om det kan vere aktuelt å starte i ein mindre ressurs. Vi har difor ei åpen utlysing på denne stillingen, så ta kontakt for ein prat om du er interessert.
Søknadsfrist: 01.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: undervisningsstilling i anleggsfag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4873955336
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Kontaktinformasjon
Andrid Solaas
avdelingsleiar
Telefon:90094432
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Voss
April 01 ,2025