Øygarden kommune

Øygarden kommune – Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil vere med å utvikle og styrke tenestene ved Grønebakkane bustadar og Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å gjere ein forskjell ,kvar dag.
Kven er vi?
Eininga tenesta til menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) består av 10 bufellesskap/omsorgsbustadar med base og 3 arbeids- og aktivitetssenter. Vi gjer omsorg og oppfølging til menneske med nedsett funksjonsevne. Vi jobbar målretta for å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag for kvar enkelt – med fokus på trivsel, sjølvråderett, tillit og meistring.
Grønebakkane bufellesskap/omsorgsbustadar og Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter treng ny avdelingsleiar. Det er til saman 22 årsverk, fordelt på ulike kompetansar som sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut. Deler av personalgruppa går i langvaktsturnus.
Arbeidsplassen ligg sentralt i Skogsvåg, med kort veg til offentleg transport og kommunedelsenter.
Som avdelingsleiar vil du inngå i einingsleiar si leiargruppe. Du vil ha ansvar for fag og personal for bustaden og arbeidssenteret. Andre støttefunksjonar som HR og lønn vil vere tilgjengeleg for deg. Stillinga har arbeidstid på 37,5 timar i veka inkludert betalt lunsj (fleksitid)
Kven er du?
Du er ein leiar som brenn for å sikre gode tenester til menneske med utviklingshemming.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og som evnar å inspirere og engasjere dei rundt deg.
Du er strukturert, handlekraftig og har eit sterkt fagleg kompass. Du veit at god leiing handlar om å vere tett på – både menneske og prosessar.
Dine viktigaste oppgåver:
Overordna ansvar for den daglege drifta både fag og personalansvar
Dagleg ansvar for oppfølging av kapittel 9 i Helse- og omsorgstjenesteloven
Leie, rettleie og følgje opp personalgruppa, samt iverksette og følgje opp faglege tiltak og vedtak.
Leie, kvalitetssikre og utvikle det faglege arbeidet
Legge til rette for å sikre eit godt samarbeid med kollegaer, tilsette, pårørande og andre samarbeidspartnar
Ansvar for HMT, avvikshandtering og internkontroll
Medansvar for økonomi og sikre god økonomistyring
Kontinuerleg forbetringsarbeid
Ansvar for turnusplanlegging
Ansvar for legemiddelhandtering
Rekruttering og kulturbygging
Andre arbeidsoppgåver delegert frå einingsleiar
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, ønskjeleg med helse- og/eller sosialfagleg bakgrunn
Erfaring med omstilling og endringsprosessar
Ønskjeleg med relevant vidareutdanning innan leiing og administrasjon
Ønskjeleg med leiarerfaring frå liknande tenester
God kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging
Ønskjeleg med økonomikunnskap
Kunnskap, kvalifikasjonar og erfaring innan relevant lovverk for tenesta, som AML, HTA, helse og omsorgstjenesteloven kapittel 9, og pasient og brukerrettighetsloven kapittel 4 vert vektlagt.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Gode datakunnskapar.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Vi meiner at følgjande eigenskapar er viktige for å lukkast og trivast som avdelingsleiar hos oss:
Du tek initiativ, får ting til å skje, har høg arbeidsevne og tek ansvar for resultat
Du er en god leiar, med evne til å motivere, engasjere og utvikle andre sin kompetanse
Evne til å tenke strategisk og handtere komplekse utfordringar og prosessar
Du fremjar fagleg og personleg utvikling
Du har evne til fleksibilitet og handtere uføreseielege hendingar
Du kommuniserer tydeleg, gir tilbakemeldingar og anerkjenning til personalet
Du er systematisk, du planlegg og prioriterer godt
Du bidreg til å skape eit stabilt og godt arbeidsmiljø
Du har høg relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Kristin Straume, einingsleiar MMNF 99799526
Elin Alfstad, assisterande einingsleiar MMNF 47797112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Referansenummer: 2025/31664
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 11.01.2026
Tiltreding: 15.01.2026
Arbeidsstad: Skogsvåg
Kontaktpersonar:
Elin Alfstad
mob: +47 477 97 112
Kristin Straume
mob: +47 99799526
Heimeside:
oygarden.kommune.no
Adresse: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 5353 Straume
Øygarden kommune
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Øygarden kommune
Skogsvåg
June 11 ,2026