Vestland fylkeskommune
FLO – FLORA VGS, Vestland fylkeskommune
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på www.flora.vgs.no.
Frå 01.08.2025 har vi ledig 100% stilling som vikar i realfag skuleåret 2025-2026.
Søknadsfrist 25.04.2025.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 25.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: FLORØ
Stillingstittel: Lærar i realfag, vikariat
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4949700616
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Arbeidsoppgåver
Undervisning i matematikk, naturfag og andre relevante realfag etter kompetanse og skulen sine behov.
Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen.
Bidra i fag- og avdelingssamarbeid.
Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver
Kvalifikasjonar
Relevant undervisningskompetanse i matematikk, naturfag og andre aktuelle realfag.
Kompetanse i pedagogisk bruk av digitale verktøy.
Didaktisk og pedagogisk kompetanse til å møte ulike elevar og evne til å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
Positiv og engasjert.
Fagleg og pedagogisk oppdatert.
God på relasjonsbygging og klasseleiing.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Utviklingsorientert og evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning.
Eit elevsyn som ser høve til vekst og læring hjå alle elevar.
Lojal mot vedtekne avgjerder.
Vi tilbyr
Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Eit godt arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsoppgåver.
Andre opplysningar:
Alle attestar og vitnemål må leggast ved søknaden.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett og overtalshandsaming i fylkeskommunen.
For meir informasjon om stillinga kontakt konstituert rektor Lars Anders Nybu tlf. 41 53 06 04 eller avdelingsleiar for realfag Siri Bakke Heggø tlf. 97 59 34 33.
Søknadsfrist: 25.04.25
Adresse: Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Florø
April 25 ,2025