Osterøy kommune
Om Fotlandsvåg skule
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Hos oss på Fotlandsvåg er tryggleik, trivnad, inkludering og læring for alle elevane viktig, og me arbeider for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.
Skulen har eit aktivt elevråd som arbeidar for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.
Fotlandsvåg skule er ein fådelt barneskule. Me ligg vegg-i-vegg med Fotlandsvåg barnehage og har gode føresetnader for eit godt samarbeid, og ein trygg og god overgang i frå barnehage til barneskule for elevane.
Me er heldige og har kort veg til Fotlandsvåg Arena, Herlandsvatnet og eit opparbeida uteområde i skogen. Det er kort veg til naturområde som vert nytta til utflukter, som fjelltur og fiske- og kanodagar.
Om stillinga
Osterøy kommune har ledig 100% stilling som rektor på Fotlandsvåg skule frå 01.08.2025.
Er du varm, tydeleg og strukturert skuleleiar vil vi gjerne ha deg med på laget!
Fotlandsvåg skule er ein fådelt skule med 48 elevar skuleåret 2024-2025 emd 10 tilsette inkludert leiing som består av rektor og avdelingsleiar.
Skulen ligg vakkert til i Fotlandsvågbygda og har eit flott idrettsanlegg i umiddelbar nærleik til skulen. Det er gode moglegheitar for flotte turopplevingar i nærområde.
Osterøyskulen har felles kvalitetsutviklingsplan med satsingsområda, Trygt og godt læringsmiljø, elevmedverknad og lesing. Vår felles visjon er: «Lærelyst og meistring for framtida».
Arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
Kvalifikasjonskrav
Kven er du?
Du har eit:
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar – får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din – Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån – Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP – Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
Spørsmål om stillinga
Renate Macpherson
Tenesteleiar for skule
[email protected]
Søknadsfrist: 1. mai 2025
Arbeidsgivar: Osterøy kommune
Kommune: Osterøy
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Osterøyvegen 2689, 5283 Fotlandsvåg
Del stillingen
Osterøy kommune
Valestrandsfossen
May 01 ,2025