Sykkylven kommune
Vi har ledig 60% fast stilling som Kulturskulerektor frå 01.08.2025.
Som kulturskulerektor vil du ha ansvar for fagleg og administrativ leiing av skulen, samt strategisk planlegging for at kulturskulen skal utvikle seg i tråd med føringar og behov. Sykkylven kulturskule er ei fagavdeling innan kultureininga og rektor er med i einingsleiar si leiargruppe.
Arbeidsstad
Sykkylven kulturskule flytta hausten 2023 inn i nye og tilpassa lokale for musikk- og kunstundervisning ved nye Aure barneskule. Medan danseundervisninga foregår på Sykkylven kulturhus. Rektor har kontorplass i adm.avd. ved barneskulen som ligger i sentrum av kommunen.
Kulturskulen har i dag rundt 4 årsverk, fordelt på 11 tilsette og har dette skuleåret vel 220 elevar. Kulturskulen har tilbod innan musikk, dans og kunstfag. Den har ein god pedagogisk stab med fagleg høgt nivå og vert sett på som eit lokalt ressurssenter som yter tilbod primært til born og unge mellom 0 – 18 år. I 2017 vart det vedteke lokal rammeplan som er førande for kulturskulen sitt arbeid.
Kulturlivet i Sykkylven er aktivt og mangfaldig med mange kor, korps og storband med lange tradisjonar og høgt nivå. Kulturskulen er også inne med korpsundervisning i grunnskulen. Rektor samarbeider med kultureininga sin musikkleiar som har ansvar for det frivillige musikkliv, konsertar og anna kulturformidlling.
Kultureininga og kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og det er forventa at rektor tek del utviklingsarbeid i nettverk med kulturskulerektorar i fylket og regionen. Og arbeider for at kulturskulen er ein relevant og inkluderande aktør i lokalsamfunnet og samarbeider godt med aktørar i lokalt musikk og kulturliv.
Søknadsfrist: 27.04.2025
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Stad: Sykkylven
Stillingstittel: Kulturskulerektor – 60% fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 4950872203
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Aure barneskule, Dalevegen 47, 6230 Sykkylven
Kontaktinformasjon
Halstein Kurseth
Kultursjef
Telefon:41605528
E-post:[email protected]
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sjå meir frå Sykkylven her:
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk her
Del stillingen
Sykkylven kommune
Sykkylven
April 27 ,2025