Haram kommune
Om jobben
Stillingstittel: HR- rådgjevar
Type ansettelse: Fast, heltid 100%
Arbeidstid: Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Vi søkjer etter deg som ønskjer å gå inn i ei spanande stilling som HR-rådgjevar i Haram kommune.
Det er to dedikerte ressursar i fagområdet HR. Fagområdet er ein del av kommunedirektøren sin stab, og du vil arbeide tett saman med øvrige stab- og fagtenester i Haram.
Du er modig og har evne til å handtere høgt arbeidspress og meistre komplekse oppgåver. Du har god system- og rolleforståing. Du er nysgjerrig og opptatt av læring og utvikling, og du har gode relasjonelle evner og evne til å skape tillit.
Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester og har fokus på arbeid på tvers av tenesteomåda. I Haram kommune spelar vi kvarandre gode og skaper gode tenester for innbyggjarane og nærlingslivet vårt.
Arbeidsoppgåver
Du vil som HR- rådgjevar gje generell og/eller spesiell støtte til kommunen sine leiarar innan arbeidsgivarområdet, frå A til Å.
Hovudoppgåvene vil vere knytt til HMS, sjukefråvær, arbeidstidsplanlegging og forvaltning av kommunen sitt tidsregisteringssystem, samt felles utviklings- og forbetringsarbeid innan HR-området.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, [email protected]
Karianne Aamås Beite, HR Rådgivar, +47 95724619, [email protected]
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4944349305
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor: Offentlig
Nettsted: http://www.haram.kommune.no
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Haram kommune
Brattvåg
April 27 ,2025