Vindafjord kommune
Komande skuleår har Vågen oppvekstsenter ledig faste stillingar og vikariat i ulike stillingsstorleikar på skulen, 1-7. klasse. Kontaktlærarfunksjon er aktuelt. Spesielt ønskjer vi oss kompetanse i engelsk og teiknspråk, men alle fag er relevante. Er du den vi ser etter?
Vågen oppvekstsenter ligg sentralt i Vindafjord kommune. Oppvekstsenteret ligg i bygda Ølensvåg og er omringa av trygge bustadfelt og rikeleg med arbeidsstader. På skulen er det om lag 100 elevar i 1-7. klasse. Skulen er fulldelt.
I søknaden ønsker me at du skriv kva fag som ligg i utdanning di, og at tilleggsutdanning blir spesifisert med fag og studiepoeng.
Kva får du jobba med hos oss?
Me kan tilby:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 29.04.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Vågen oppvekstsenter, avdeling skule
Kontaktpersonar:
Harald Helberg’
mob: +47 98673058
Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vagen-skule/
Adresse:
Vågshagen 22 5582 Ølen
Vindafjord kommune Vågen skule
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vindafjord kommune
Ølen
April 29 ,2025